VR-brannøving – lær å sløkke brann trygt og engasjerande!
Hos Myklebust Brannsikring kan du trene på brannsløkking gjennom ei realistisk oppleving i Virtual Reality (VR).
Øv på sløkkjeteknikkar i trygge omgjevnader, så mange gongar du vil, utan miljøpåverknad. VR-sløkkeøvinga vår dekkjer alle myndigheitskrav til brannopplæring og gir ei unik moglegheit til å byggje tryggleik og ferdigheiter i møte med brann.
Av omsyn til miljø og berekraft er det vedteke at tradisjonelle skarpe øvingar (bruk av vanlege sløkkjemiddel) skal fasast ut av ordninga. Frå 1.1.2027 blir det berre godkjent digitale øvingar (VR-øvingar) i samband med kurs i varme arbeid.
VR-sløkkeøvinga til Myklebust Brannsikring passar for alle som ønskjer å øve på brannsløkking i ei trygg og kontrollert setting. Dette inkluderer alle typar verksemder – som bedrifter, skular, hotell, sjukehus og andre som er pålagde å gjennomføre brannvernopplæring.
Deltakarane trenar på å sløkke ein virtuell brann som opplevast verkeleg – utan brennbart materiale, utan utslepp av sløkkjemiddel og utan røyk – i eit miljø som kan likne på eigen arbeidsplass.