1. Avtalen

Avtalen består av desse salgsbetingelsene, opplysningar gitt i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane føre, så lenge det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgiving.

Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante lovbestemmelser som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.



2. Partane

Seljar er Myklebust Brannsikring AS, Strandgata 5A - 6150 Ørsta, Telefon: +47 958 92 253, Org.nr.: 921 576 196, og blir omtala som seljar/seljaren i det følgjande.

 

Kjøpar er den forbrukaren som foretar bestillinga, og blir omtala som kjøpar/kjøparen i det følgjande.



3. Pris

Den oppgitte prisen for varen og tenester er den totale prisen kjøpar skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som seljar før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøpar ikkje bere.

4. Avtaleinngåelse

Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt si bestilling til seljaren.

Avtalen er likevel ikkje bindande dersom det har oppstått skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i kjøparens bestilling, og den andre parten forsto eller burde ha forstått at det forelå ein slik feil.



5. Betalingen

Seljaren kan krevje betaling for varen frå det tidspunktet den blir sendt frå seljaren til kjøparen.

Dersom kjøparen nyttar kredittkort eller debetkort ved betaling, kan seljaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestillinga. Kortet blir belasta same dagen som varen blir sendt.

Ved betaling med faktura blir fakturaen til kjøparen utstedt ved sending av varen. Betalingsfristen går fram av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak.

Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgande faktura.



6. Levering

Leveringa er skjedd når kjøparen, eller hans representant, har overtatt tingen.

 

Dersom ikkje leveringstidspunkt går fram av bestillingsløysinga, skal seljaren levere varen til kjøparen utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Varen skal leverast hos kjøparen, om ikkje anna er særskilt avtalt mellom partane.



7. Risikoen for varen

Risikoen for varen går over til kjøpar når han, eller kjøpar si representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.


8. Angrerett

Viss avtalen ikkje er unnateke frå angrerett, kan kjøparen angre på kjøpet av varen i samsvar med angrerettlova.

Kjøparen må gi seljaren melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å løpe. I fristen inkluderast alle kalenderdagar. Dersom fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, blir fristen forlenga til nærmaste arbeidsdag.

Angrefristen blir rekna for overhalden dersom meldinga er sendt før fristen går ut. Kjøparen har bevisbyrda for at angreretten er gjort gjeldande, og meldinga bør derfor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).

Angrefristen byrjar å løpe:

  • Ved kjøp av einskildvarer går angrefristen frå dagen etter at varen(e) er motteke.
  • Dersom det blir selt abonnement, eller avtalen inneber regelmessig levering av identiske varer, går fristen frå dagen etter at første forsendelse er motteken.
  • Dersom kjøpet består av fleire leveransar, går angrefristen frå dagen etter at siste leveranse er motteken.

Angrefristen blir forlenga til 12 månader etter at den opphavlege fristen har gått ut, dersom seljaren ikkje informerer om at det finst angrerett og standardisert angreskjema før avtalen blir inngått. Det same gjeld ved manglande opplysningar om vilkår, tidsfristar og framgangsmåte for å nytte seg av angreretten. Dersom den næringsdrivande sørger for å gi opplysningane i løpet av desse 12 månadane, går angrefristen likevel ut 14 dagar etter den dagen kjøparen mottek opplysningane.

Ved bruk av angreretten må varen leverast tilbake til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar etter at melding om bruk av angreretten er gitt. Kjøparen dekkjer dei direkte kostnadene ved å returnere varen, med mindre noko anna er avtalt eller seljaren har unnlate å opplyse om at kjøparen skal dekke returkostnadene. Seljaren kan ikkje fastsetje gebyr for kjøparen si bruk av angreretten.

Kjøparen kan prøve eller teste varen på ein forsvarleg måte for å fastslå varens art, eigenskapar og funksjon, utan at angreretten fell bort. Dersom prøving eller testing av varen går ut over det som er forsvarleg og nødvendig, kan kjøparen bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på varen.


Seljar er forplikta til å tilbakebetale kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå seljar fekk melding om kjøparens avgjerd om å nytte angreretten. Seljar har rett til å halde tilbake betalinga til han/hun har motteke varene frå kjøparen, eller til kjøparen har lagt fram dokumentasjon for at varene er sende tilbake.

9. Forsinking og manglande levering - kjøparane sine rettar og frist for å melde krav

Dersom seljaren ikkje leverer varen eller leverer den for seint i samsvar med avtalen mellom partane, og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 5 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå seljaren.

Ved krav om mislighaldsbeføyelsar bør meldinga av bevishensyn vere skriftleg (til dømes e-post).

 

Oppfylling

Kjøparen kan halde fast ved kjøpet og krevje oppfylling frå seljaren. Kjøparen kan likevel ikkje krevje oppfylling dersom det føreligg ein hindring som seljaren ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil medføre ein så stor ulempe eller kostnad for seljaren at det står i vesentleg misforhold til kjøparens interesse i at seljaren oppfyller.Skulle vanskar falla bort innan rimelig tid, kan kjøparen likevel krevje oppfylling.

Kjøparen taper sin rett til å krevje oppfylling om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.

Heving

Dersom seljaren ikkje leverer varen på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppfordre seljaren til å levere innan ein rimelig tilleggsfrist for oppfylling. Dersom seljaren ikkje leverer varen innan tilleggsfristen, kan kjøparen heve kjøpet.

Kjøparen kan likevel heve kjøpet umiddelbart dersom seljaren nektar å levere varen. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåelsen av avtalen, eller dersom kjøparen har underretta seljaren om at leveringstidspunktet er avgjerande.

Leverast tingen etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåelsen av avtalen, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimelig tid etter at kjøparen fekk vite om leveringa.

Erstatning

Kjøparen kan krevje erstatning for tap som følgje av forsinkelsen. Dette gjeld likevel ikkje dersom seljaren godtgjer at forsinkelsen skuldast ein hindring utanfor seljarens kontroll som ikkje med rimelighet kunne blitt tatt i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunnet følgjene av.


10. Mangel ved varen - kjøperens rettigheter og reklamasjonsfrist

Viss det er ein feil ved varen må kjøparen innan rimeleg tid etter at han vart oppdaga eller skulle ha vorte oppdaga, gje seljaren melding om at han eller ho vil påberope seg feilen. Kjøparen har alltid reklamert i tide dersom det skjer innan 2 månader frå feilen vart oppdaga eller skulle ha vorte oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøparen overtok varen. Dersom varen eller delar av ho er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

Dersom varen har ein feil og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtalen heva og/eller krevje erstatning frå seljaren.

Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.

 

Retting eller omlevering

Kjøparen kan velje mellom å krevje feilen retta eller levering av tilsvarande ting. Seljaren kan likevel motsetje seg kjøparens krav dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller forårsakar seljaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal utførast innan rimeleg tid. Seljaren har i utgangspunktet ikkje rett til å utføre meir enn to avhjelpsforsøk for same feilen.

Prisavslag

Kjøparen kan krevje eit passande prisavslag dersom varen ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtalt pris svarar til forholdet mellom tingas verdi i feilfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar talar for det, kan prisavslaget i staden settast lik feilens betydning for kjøparen.

Heving

Dersom varen ikkje blir retta eller omlevert, kan kjøparen òg heve kjøpet når feilen ikkje er uviktig.


11. Selgarens rettigheter ved kjøperens mislighold

Dersom kjøparen ikkje betaler eller oppfyller dei øvrige pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje skyldast seljaren eller forhold på seljarens side, kan seljaren i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 9 etter omstenda halde tilbake varen, kreve oppfylling av avtalen, kreve avtalen heva samt krevje erstatning frå kjøparen. Seljaren kan også etter omstenda krevje renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved ikkje-avhenta varer.

Oppfylling

Seljar kan halde fast ved kjøpet og kreve at kjøparen betaler kjøpesummen. Dersom varen ikkje er levert, taper seljaren retten sin dersom han ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.

Heving

Seljar kan heve avtalen dersom det føreligg vesentleg betalingsmislighald eller anna vesentleg mislighald frå kjøparen sin side. Seljaren kan likevel ikkje heve dersom heile kjøpesummen er betalt. Dersom seljaren fastset ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betaler innan denne fristen, kan seljaren heve kjøpet.

Renter ved forseinka betaling/inkassogebyr

Dersom kjøparen ikkje betaler kjøpesummen i samsvar med avtalen, kan seljaren krevje renter av kjøpesummen etter forseinkelsesrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter føregåande varsel, bli sendt til inkasso. Kjøparen kan då bli holdt ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

Gebyr ved ikkje-avhenta ikkje-forskotsbetalt varer

Dersom kjøparen ikkje hentar ubetalte varer, kan seljaren belaste kjøparen med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekke seljarens faktiske utlegg for å levere varen til kjøparen. Eit slikt gebyr kan ikkje belastast kjøparar under 18 år.

  1. Garanti Garanti som blir gitt av seljaren eller produsenten, gir kjøparen rettar i tillegg til dei kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovverk. Ein garanti inneber dermed ingen avgrensingar i kjøparen si rett til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.



13. Personopplysninger

Ansvarleg for handsaminga av innsamla personopplysningar er seljaren. Så lenge kjøparen ikkje samtykker til noko anna, kan seljaren, i samsvar med personvernlova, berre innhente og lagre dei personopplysningane som er naudsynte for at seljaren skal kunne gjennomføre forpliktelsane etter avtalen. Kjøparens personopplysningar vil berre bli utleverte til andre dersom det er naudsynt for at seljaren skal kunne gjennomføre avtalen med kjøparen, eller i lovbestemte tilfelle.

14. Konfliktløsning

Klagar retta til seljaren innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal prøve å løysa eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukartilsynet for mekling. Forbrukartilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no.

Europa-kommisjonen si klageportal kan også nyttast dersom du ønskjer å leggje inn ein klage. Det er særleg relevant dersom du er forbrukar busett i eit anna EU-land. Klagen blir sendt inn her: http://ec.europa.eu/odr.